Skip to content

Åre(til)tak

Prosjekt åre

Leggje til rette for bruk og oppbevaring av kano og kajakk ved naustet nær skulen.

Utgangspunkt:

  • Det ligg allereie eit par kanoar i nærleiken av naustet.
  • Det har kome førespurnad frå fleire om å kunne oppbevare kano/kajakk i området.

Lågterskeltiltak:

  • Kan lage til eit stativ ute slik at ein i allefall får båtane opp frå bakken. Dette kan plasserast der kanoar ligg i dag.
  • Ein kan evt. ha stativ på naustveggen. For døme på dette, kan ein sjå på huset i badevika. Der er det laga til oppheng på uteveggen på sida opp mot vegen.
  • Eventuelt kan me sjå på om det er mogeleg å få til oppbevaring i sjølve naustet.
  • Høyre med dei som har kano/kajakk om dei kan tenkje seg å låne dei ut til andre. Sjå om det er mogeleg å få til ordning rundt dette.

Oppbevaring i naustet:

  • Lyt sjekke om det er greit for eigar
  • Vurdere å få i stand ein avtale der ein t.d. kan bidra med dugnad (tak bør bytast) i byte for bruk over x antal år.
  • Evt. ein heilt vanleg leigeavtale.

Andre tiltak

  • Søykje midlar til å kjøpe inn kano/kajakk som er tilgjengelige for bygda. Lyt då få til ei ordning med korleis ein kan tinge utstyr (gjer dette så enkelt som mogeleg).
Edited by Øystein S. Haaland
To upload designs, you'll need to enable LFS and have an admin enable hashed storage. More information